TORSDAG 2. AUGUST 2012

We're aliiiive!



Det har vore ufatteleg dårleg oppdatering her inne dei siste 7 (!) månadane, men heldigvis betyr ikkje det at det har vore stillstand på det vesle huset i svingen. Sagatun har fått nye veggar i heile underetasjen, nye rør har kome i jorda, vi har leika oss med gravemaskin, fått ned ny septiktank, drenert enda meir rundt huset, bygd glasstove og no til sist: fått inn dei fantastiske vindauga frå Frekhaug. Og når eg seier VI, så meiner eg Christer. Christer har stått på som ein lyktetennar, og med fantastisk hjelp frå kjære svigerfar, har vi byrja å verkeleg sjå konturane av heimen vår.

Eg har dei siste dagane vore opptatt med å finne maling til kledninga som er rett rundt hjørnet, og det er ikkje berre berre. Vi har gått ifrå å ville bevare huset raudt, til å sveipe innom kvitt - og no endar vi mest truleg opp med ein varm gråtone med kvite lister og gråblå ytterdør. 

Eg har aldri vore særleg glad i blå, men ein dag i februar traska eg rundt på Bjorli, og fann denne på eit spikertelt på campingplassen. Etter det har eg vore heilt opphengt i blågrå dører, og googlar med jamne mellomrom verdsveven i håp om å kome over nokon som har mala døra si i det siste, og i tillegg vore so begeistra over eige verk at dei legg ut fargekode og heile sulamitten. Denne er ein smule for blå, men eg trår fortrødent vidare i jakta på den perfekte gråblå tonen.

Elles har det vore ein flott sommar, vi har gifta vekk yngstesyster Nærø, hatt besøk av gode vener, bursdagsfeiring og eg har vore på tur til Trondheim med den gode, gamle jentegjengen frå folkehøgskule. Og oppi alt dette har vi komt eit gedigent stort steg nærare ferdig hus her på vakre Nærøya. Vi kjenner oss så heldige, og gler oss VILT til å snart kunne byrje innandørs. Eg siklar på fargar og lister og kjøken og golv og tapet allereie.



TORSDAG 26. JANUAR 2012


GODT NYTT ÅR alle saman! Her skjer det sakar og ting, og sidan sist har vi komt enda eit steg nærare heilt hus, målstrek og drøymeheimen. No kan vel ikkje dette samanliknast med noko anna enn eit maratonløp, der vi ikkje har målet heilt i syne enda, men kvar meter tel - og vi er iallefall nærare enn nokon gong tidligare!



Med juleferien fekk vi nokre par hender ekstra på bruket, og lisjesystra mi tok friskt og freidig på seg oppgåva som rivningsarbeidar. Ho gjorde seg bruk av ein (for nokre) ukjend, men velfungerande teknikk som enklast kan samanfattast i tre punkt:
  1. Bruk utallige timar på krevande og keisamt studiearbeid
  2. Opparbeid store mengder frustrasjon og virketrong
  3. Få tilgong til brekkjarn og fire rom med gammalt panel
Og VOILA - på ein kveld var jobben gjort. At ho undervegs og i eit og same tak reiv ned både radio, arbeidslampe og la heile huset i stummande mørke vitnar berre om pågongsmotet.


No har vi fått opna opp ut til nybygget, og på biletet nede til høgre ser du døropninga der vi skal kunne gå inn frå tv- stove/ trappa og til gangen og roma oppe i andre etasje. Eg forundrast framleis over kor fort ting faktisk skjer når dei fyrst skjer, - på ein kveld var holet i taket på plass og alt stod klart til å føye den gamle delen saman med den nye.


Å rive kan meir enn ein gong vere ein rett so estetisk opplevelse. Ingalill står for det fyrste av desse to kunstverka - ein haug samansopa tresplintrar so tørre og fint oppstabla at sjølv Lars Monsen hadde trudd det var presisjonsbygging av leirbål. Det var iallefall freistande å setje fyr på heile sulamitten der og då.

Det andre verket har naturen sjølv forsynt oss med, og sjølv om eg strengt tatt burde fylge andre bloggarar sitt eksempel og gjere ei konkurranse ut av kva dette er, so har eg verken tolmod eller premie til den slags. Denne lille haugen av rosa, gult, grønt og blått, brunt, beige og lilla er, tru det eller ei; muselort. Kan du tenke deg overraskelsen den lisje musa må ha hatt når ho snur seg og ser på dagens toalettbesøk - servert i alle regnbogens fargar. Det er då du kanskje bør revurdere kosthaldet.


Endeleg kom dagen då taket skulle leggast, og med fem kjekke mannfolk; Steffen, svigerbror Per Hugo, pappa, svigerfar og Christer - gjekk dette også i ei forrykande fart! Det tok to dagar, og so var Sagatun tett! Og sjølv om det framleis ser ganske rustikt ut i andre etasje, var det ei fryd å sjå konturane av korleis dei nye roma verkeleg vert når det ein gong står ferdig.


Sagatun er med eitt dobbelt so stort!


Tilslutt litt frå det "andre" livet vårt, der verda av og til dreier seg om noko anna enn husbygging. Vi tok turen oppatt i Einedalen og fann treet som vi plukka ut i november, og i stummande mørke drog vi det med oss heimatt. Jula feira vi litt her og litt der, inne i Torvika og på Nærøya. Med romjulsorkan og straumen vekke i perioder, vart det mykje innekos og levande lys - og mykje opprydding når "halve" skogen på Nærøya gav etter for stormkasta. Ei jul litt utanom det vanlege, med andre ord. 

No gler vi oss til vår, lengre dagar og meir jobbing på huset!
Lat det livne i lundar..!


ONSDAG 16. NOVEMBER 2011



I går tidleg måtte vi opp i otta for å sende sjømannen tilbake på jobb. Eg vert nok aldri heilt vand med denne dagen der vi må stå opp klokka halv fem og det verkar som om heile resten av verda fortsatt søv. Stemninga er aldri heilt på topp medan vi lagar litt frukost og ventar på drosjen som kjem like overraskande kvar gong. Det er liksom berre noko heilt bakvend med å sende mannen din avgarde på den tida av døgeret, for so å skulle gå og legge seg att  i ei tom seng.

Men, vi har ein utruleg flott månad bak oss, der vi har fått gjort mykje på huset! Vi har hatt sol og fantastisk temperatur, og Christer har vore på tomta so godt som kvar dag. Eg har stort sett følt meg som ein mann no i fleire veker, og vorte bestis med sementblandaren. Vi to har blanda so monge ladningar med sement at vi ikkje har tal på det, og på ekstra seige morgonar er det eigentleg greitt å stå der i fred og sjå på trommelen som går rundt og rundt og rundt. Det minnar jo nesten litt om baking, og passar meg soleis heilt perfekt! 


Christer er ein skikkeleg handyman. Av og til vert eg heilt forundra over kor lett han tek ting, og medan eg står og lurer på om eg gjer ting rett eller godt nok, so susar han i veg og er ferdig på ein-to-tre. Ofte vert eg ståande og pirke på eit eller anna, og han må til stadigheit minne meg om at det er trass alt grovarbeid vi driv med, og at pirkinga godt kan kome på eit seinare tidspunkt. Eg kan stå der med mørtelspaden min og legge opp sement i fine, rette, perfekte rader, og so kjem han med ei lecablokk og klaskar alt utover like fullt.


Det var veldig spesielt den morgonen takstolane kom. Plutseleg var dei på plass, og vi kunne for fyrste gong sjå konturane av korleis Sagatun kjem til å sjå ut. Planane våre som til då kun hadde eksistert på papiret, vart handfaste og til å ta og føle på, og perspektivet vart heilt forandra. Det er so kjekt å sjå at det vi har planlagt og prata om og diskutert opp og ned i mente, faktisk fungerer i praksis! Og so synes eg det var ekstra koseleg at det sto "Marianne og Christer" på... Ikkje noko etternamn, berre namna våre - heilt kvardagsleg og koseleg - likesom det var noko vi bestilte til stadigheit.


Vi har bytta ut det som i utgongspunktet skulle vere eit mørkeloft, med ei loftstove. Ei loftstove med det ein meglar mest truleg vil kalle "havgløtt" (bilete oppe i midten). Sist laurdag kom svigerfar og svigerbror og fordelte takstolane utover og no kan ein balansere rundt der oppe, og få feelingen av takhøgda og størelsen på romet. På biletet oppe til høgre kan du sjå det som skal verte den nye "kvardagsinngongen", der vaskeromet skal ligge i bakkant. Elles skal tilygget innehalde eit nytt bad, gang med trapp opp og eit soverom.

 
Søndag har den siste månaden vore ein kjærkomen dag. Iallefall for meg. Christer har det med å verte litt utolmodig, og vil vel eigentleg helst vere på tomta. Denne søndagen feira vi fyrst farsdag med god frukost og litt pakkenellikar, før vi kledde på oss, henta nevøen og niesa mi og tok turen oppi ein dal far min eig, for å finne og merke av årets juletre. Det var deilig å kome seg ut og gjere noko heilt anna enn å tenke hus. Men sjølv om vi ikkje har noko perspektiv på kor lenge det kan ta før vi flyttar inn i Sagatun, så låg det likevel ein tanke bak i hovudet på meg der eg gjekk. "Kanskje går vi her neste år og ser etter treet som skal stå i glasstova. Kanskje, kanskje, kanskje..."
 
Vi har det godt!

MANDAG 31. OKTOBER 2011



Hausten har verkeleg komt til Nærøya, og Sagatun har fått prøve seg vegglaus i fleire stormar allereie. Det står der like støtt som det alltid har gjort, og ein og annan våt katt og heimlaus fugl har teke tilflukt der med jamne mellomrom. Vi finn nokre spor etter dei her og der, og synes eigentleg det berre er triveleg at nokren andre enn oss finn det for godt å ta huset i bruk, medan vi framleis må vente litt til...

Christer endeleg heime igjen frå sjø! Stakaren får ikkje lange pausa før han set i gong.

Klar for å lage drenering rundt tilbygget. Eg har lært at det slett ikkje er så vanskeleg!
(og så hjelp det på med godt utstyr:))

Forskaling av grunnmur - og sola er kome på besøk.

Omrisset av nybygget. Nesten 50 kvm.

Eg og Olli beundrar verket hass far - og oss sjøl.

Endelig kjem sementbilen! No skal det verte grunnmur!

Eg fekk ansvaret for å løfte på armeringsjernet etterkvart som sementen kom sigande. Litt feber, litt influensa og streptokokkar i utvikling - inga hindring. (Eg fekk løyve til å avtre ganske kjapt;)) 

Pappa og Christer står på. Godt med god hjelp:)

Morgensola kjika over fjellet.

God hjelp frå Steffen som er dreven i gamet.

Grunnmuren er tørr! Då er det berre å sete i gong og mure!

Og no går det kjapt:) Eg måtte kapitulere og halde senga heile helga, og fekk ikkje sett på verket før i dag.
Det vert så bra, og eg gler meg til å sjå korleis det vert vidare.
Vi treng litt finever framover for å kunne fortsette å mure,
men allereie no kan eg få litt meir følelsen av korleis huset vårt kjem til å verte. Det er utruleg spennande!

To kjekke arbeidskara. Svigerfar og Olli fjernar siste spor av sement før dagen er over. Olli er så flink, han spring ærend, spikrar, vaskar og ryddar, og er alltid lett å be om hjelp. Han storkosar seg på tomta og i huset - det er så kjekt å sjå!

SØNDAG 16. OKTOBER 2011

Det har vorte haust på Nærøya, og Sagatun har ikkje hatt monge dagane med sol på kroppen dei siste vekene.
Men når sola dukka opp i forrige veke, måtte eg inn og forevige litt meir av det som har skjedd sidan dei siste bileta vart tekne. Dei av dokke som er ekstra årvakne, vil sjå at det manglar eit digert grantre som stod bak huset. Grana tok alt av kveldssola, og berre sjå: no er den tilbake!
Når eg var yngre reagerte eg alltid litt når eg høyrde om dei som busette seg kloss oppi foreldra sine. Det skulle eg aldri gjere! Men her er vi altså, eit steinkast (heilt bokstaveleg) frå mamma og pappa - og vi gler oss som berre det!

Velkomen inn! Her er mitt framtidige kjøken...
Det manglar litt golv, grunnmur og ein vegg berre.

Alt det gamle golvet er borte vekk, og erstatta med lass på lass av stein og grus.
Neste skritt på vegen er å legge flytande golv, og fyrst må vi støype ny grunnflate.
Målet er nokre centimeter meir takhøgde!

Trappa heng om dagen etter festa i veggen, og litt ekstrahjelp frå nokre fjøler.
Den vurderer vi å etterkvart flytte ut i tilbygget, men det spørs om vi kan gjere nytte av den,
sidan ho vert for lav i forhold til den nye takhøgda...
Fin er ho iallefall, sjølv om ho har fått gjennomgå i det siste.

Gjennomtrekk?
Stova manglar grunnmur, og heng meir eller mindre i lause lufta. Her skal båe vindu og verandadør vekk etterkvart,
og ei ny dør skal settast inn i hjørnet til høgre. Den skal føre ut i gangen i tilbygget.

Andre enden av stova, med utsikt ut mot vegen. Her skal vi ha spisestua,- og julestjerna i glaset når den tida kjem.
Hurra kor koseleg det skal verte! :)
Stovevinduet med utsikt ned mot sjøen.
Det må vike plassen etterkvart, og ei glasstove skal kome her i staden.

Eit bilete frå soverommet vårt i 2.etasje. Eg gler meg som ein unge til å vakne opp til sjøen utanfor glaset kvar dag,
og ikkje minst til å kunne gå ut på altanen som kjem til å kome på taket av den nye glasstova.


Slik ser det altså ut på baksida av Sagatun.
Her har vi fjerna buskar og tre, og mykje, mykje stein.
Det er rart med det - alt eg so gjerne ville behalde, måtte vike for nye planar, større hus og betre romløysingar.
Eg håpar berre vi klarar å få noko av sjarmen tilbake, for akkurat no har vi vel strengt tatt vandalisert heile uteområdet vårt... 


Når Christer kjem att satsar vi på fineveir og støyping.
Målet er å få opp tilbygget, støype golvet, setje inn ny pipe, rette opp taket, få opp nye veggar, setje inn nye dører, nye vindu, isolere, legge veggplater, legge golv, male og få opp tapet, setje inn kjøkeninnreiing, få på plass peis, koble straumen, koble vatn, møblere, vaske litt og flytte inn.

For eg er tross alt gift med ein supermann som har ti timar meir i døgnet enn alle oss andre, og som set opp ein ny vegg berre ved å tenke tanken. Dessutan får vi låne alle dyra og fuglane frå Askepott som kjem og gjev oss hjelp.
Vi har faktisk so god tida at vi satsar på å få opp garasje og ny sjøbud også. 

Det er jo lov å drøyme:)


I all iveren over å endeleg kunne åpne døra til det lisje huset den fyrste gongen etter at det var vårt, gløymde vi alt som heitte fotografering av korleis det faktisk var der inne. Det er ei viss fare for at vi om nokre år ikkje kjem til å hugse korleis kjøkenet vårt såg ut før vi byrja makeoveren, men vi var heldigvis sopass oppegåande at vi fekk opp kameraet og tatt nokre av stova før alt vart røska ut. 

Kjøkenet etter at veggar og kjøkeninnreiing var tatt ned. Her fann vi og tre lag med golv - noko vi eigentleg syntes var litt unødig, sidan det allereie er ganske lågt under taket.

Kjøkenvindauget vårt. Her skal vi ete frukost og lunsj og middag og kveldsmat i uoverskueleg framtid.

Etter å ha strippa lag på lag med golv, fann vi tilslutt det opprinnelege tregolvet, med trepluggar og det heile!

Og når tregolvet forsvann var det ganske interessant det som kom fram. Her låg det trestammer som sovidt hadde vorte høvla litt, før dei ha vorte lagt oppå ein passande kampestein her og der. Vidare feste av golvbjelkane var det heller ikkje så viktig med. Men har det fungert? Absolutt.

Kjøkenet med jordgolv.

Stova før Christer fekk gå i gong med kubeinet.
Og so var vi i gong!

Utsikt frå stoveglaset, ut i vår hage.

Stova etter eit par kveldsykter.

Og so kom denne vesle kompisen fram i lyset... Den var so stor at vi høyrde lyden når han datt ned og traff bakken. Nice.

Christer i kjellaren. Takhøgda er ... litt for lita.

Alt er reinska ut, og klart til å fyllast igjen.

Om litt over ei veke er Christer heime att frå sjø, og vi satsar på fint haustveir so vi kan få gjort mykje i huset den neste månaden. Når eg skriv "vi", so meinar eg vel stort sett Christer. Han har litt meir greie på ting enn meg, so eg kjem, eg ser, hjelp med det eg kan og so fær eg heim og teiknar kjøken:) Og til no har denne arbeidsfordelinga virka heilt flott. Eg er utruleg heldig som har ein mann som storkosar seg med dette, og som er storfornøgd berre han får litt middag og ei ettermiddagskvild på sofaen etterpå. Kjønnsrollefordelinga er ganske openbar...:)